Breiband til Runde treng statleg medfinansiering:

Kommersielt uinteressant

Hjelp frå staten må til om rundeværingane skal ha håp om å få høghastigheits breiband på øya.

BREIBAND: Etter at mobilforholda er ordna, er breiband det neste som står på ønskjelista til folk og næringsliv på Runde. Men manglande interesse frå kommersielle aktørar gjer breibandutbygging til turistøya avhengig av statleg medfinansiering.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Herøy kommune gjer no eit nytt framstøyt for å få breiband til Runde ved hjelp av den statlege støtteordninga som finst. Ein tilsvarande søknad i fjor nådde ikkje opp, men kommunen håper no på betre lukke med ein godt gjennomarbeidd søknad som er innsend for årets tildeling.