Ulovleg avfallsdumping på Skredestranda:

Beklagar og lovar opprydding

Statens vegvesen får ein oppryddingsjobb å gjere etter ulovleg avfallsdumping på Skredestranda.

Dumping: På denne private eigedomen på Skredestranda er det dumpa fleire lass med avfall etter rydding langs fylkesvegen i området. Fylkeskommunen beklagar hendinga og har lova å rydde opp.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

– Slikt skal ikkje førekome, og vi har lova grunneigar å ordne opp etter hendinga, seier Eivind Voldsund som er byggeleiar for fylkesvegar i Møre og Romsdal fylkeskommune.