Myrvåg-Fosnavåg einaste strekninga i fylket som er aktuell for:

Utbetring av fiskevegar

Strekninga Myrvåg-Fosnavåg kan bli utbetra for å lette framkomsten for transport av fisk.

MOWI: Til og frå Mowi sitt lakseslakteri i Herøy går det på dagar med full produksjon minst tretti trailerar med fisk og emballasje. Ei viktig næring som staten vil prioritere når det gjeld tilskot til vegutbetring.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

I statsbudsjettet for 2020 er det oppretta ei tilskotsordning for fylkesvegar som er viktige for næringstransport. 91,5 millionar kroner er avsett til ordninga, i tillegg til 50 millionar kroner i tilsagnsfullmakt for 2021.