Har trykt på knappen for kommerisell algeproduksjon:

Ser potensiale for noko stort i Breivika

Det blir algeproduksjon i Breivika, og kommunetoppane i Sande er ikkje lite imponerte over satsinga som det nyetablerte selskapet Arctic Diatom no er i gang med på næringseigedomen til tidlegare Breivik kalkverk.

Laboratoriet: Morten Laake har starta med å bygge opp laboratoriet der utstyret ville ha kosta 10-12 millionar kroner om alt måtte kjøpast nytt.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

– Dette høyrest heilt fantastisk ut, sa avtroppande kommunedirektør Trond Aglen etter å ha fått ei innføring i det spennande som no er på trappene i Breivika i regi av bioteknolog og marinbiolog Morten Laake (73).