Løyve til servering av mat i Hallebygda

Terje Grønmyr har fått løyve til servering av mat frå gardsbutikken Kråen Gard i Hallebygda.

Kråen Gard: Veronika Johnsen Grønmyr og Terje Grønmyr  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Konseptet sin storleik gjer at kommunen ikkje har funne det nødvendig å krevje dokumentasjon i høve budsjett og økonomi. I løyvet heiter det at serveringa skal gå føre seg i næringssamanheng med tilrettelegging for fortæring på staden. Løyvet har inga avgrensing i tid og gjeld så lenge vilkåra for slikt løyve er stetta.




"Gardsbutikk med litt attåt"

Pusta liv i eit gamalt gardsbruk i Hallebygda.

På slutten av 2017 kjøpte ekteparet Terje og Veronika Grønmyr den gamle Kråen Gard i Sande. No har dei pusta nytt liv i bruket, og satsar på at fleire etter kvart skal få ein smakebit av gardsopplevinga og kulturlandskapet ytst i Hallebygda.