Langvarig kamp mot framande planteartar:

Truar naturmangfaldet

Fylkesmannen i Møre og Romsdal intensiverer kampen mot framande planteartar i distriktet.

ÅTVARING: Slike åtvaringsskilt er oppsette på område som har fått behandling med plantevernmidlar. Områda er i tillegg sperra av med band som dette på Berge i Fosnavåg.  Foto: Jann Flatval

Dette er eit gjentakande arbeid og ein langvarig kamp

Ola Betten
Nyhende

På oppdrag frå Fylkesmannen er Skogskonsult no i gang med ei systematisk utrydding av parkslirekne og rynkerose rundt om i Herøy og Sande. Kampen blir ført med plantevernmidlar, og områda som blir behandla er godt synlege med avsperringsband og åtvaringsskilt som fortel om kva som er i gjenge.