Larsnes Mek. leverte frå seg Ro Venture: – Har blitt utrusta på rekordtid

Torsdag overleverte Larsnes Mek. Verksted Ro Venture til reiarlaget Rostein. Ro Venture er i likskap med søsterskipet Ro Vision ein hybrid brønnbåt, og blir dermed den andre hybride brønnbåten på verdsbasis.

Ro Venture: Båten som blir omtala som den andre hybride brønnbåten i verda vart denne veka overlevert til reiarlaget Rostein.   Foto: Larsnes Mek. Verksted

Nyhende

Det melder Larsnes Mek. Verksted i ei melding på sine heimesider. Ro Venture blir samstundes den sjuande i rekka av båtar med LFC 2020-designet frå Måløy-selskapet Skipskompetanse AS. Felles for alle dei sju er at dei er bygt ved verftet på Larsnes.

– Båten har blitt utrusta på rekordtid på knappe 4,5 månadar. Vi leverte Ro Vision i slutten av mars og med tanke på tida vi har vore inne i med utfordringane rundt Covid-19 situasjonen, har våre eigne tilsette og våre underleverandørar gjort ein formidabel innsats i denne spesielle perioden, der vi har hatt tilnærma full drift, heiter det i meldinga frå verftet.

Til likskap har Ro Venture og Ro Vision også at begge båtane er utstyrt med batteripakke frå Siemens, tre sett dieselgeneratorar frå Yanmar, samt eit SCR-anlegg for NOX-rensing frå Emigreen montert om bord.


Ro Vision leveringsklar, Ro Venture nyst komen frå Polen:

Hybride systrer hekk mot hekk på Larsnes

Ro Vision, fiks ferdig frå Larsnes Mek. i desse dagar, er omtala som verdas første hybride brønnbåt. No er også systerskipet klar for utrusting.


For ikkje lenge sidan vart det også kjent at Ro Vision er mellom dei nominerte til prisen "Ship of the year 2020", i konkurranse med Kjell Inge Røkkes storprosjekt "REV Ocean" og Yaras "Yara Birkeland". Denne prisen blir delt ut i Bergen 16. september i år.


Larsnes-båt nominert til pris for første gang: – Det var på tide!

– Vi har bygd båt sidan 1996, og då var det på tide at vi vart nominert til ein pris. Det er fantastisk kjekt.


Frå før er det kjent at Larsnes. Mek skal bygge endå ein brønnbåt til Rostein. Skroget til denne er venta levert i slutten av november, og planlagt levering frå Larsnes er i mai 2021.


Landa ny kontrakt med Rostein:

– Ei gledeleg og viktig veke for oss

Dagen etter at Sande kommunestyre godkjende reguleringsplanen for Larsnes Mek. Verksted, kan Jarle Gunnarstein glede seg over ein ny kontrakt med Rostein.