BJARNE RABBEN OG SAGAØYA I HERØYFJORDEN

I bøkene sine om Herøy kommune og i tidsskriftet til Herøy sogelag har Bjarne Rabben skrive mykje om øya Herøy. Han kjende seg nær knytt til denne historiske øya.

HERØY GARD: Lokalhistorikaren Bjarne Rabben (1907–2003). På Herøystemnet i 2004 vart det avduka ei byste av han på Herøy gard.  Foto: Harald Thorseth

Det er ikkje få elevar frå distriktet som framgjennom åra har skrive særoppgåve om sagaøya i Herøyfjorden – og fått god hjelp i arbeidet av Bjarne Rabben og det han har skrive om øya.

Nyhende

Fyrste minnet mitt frå Herøy er frå oktober 1914 då minnesteinen for dei åtte omkomne ved Goksøyr-ulukka i 1880 vart avduka, fortalde Bjarne Rabben. Han var sju år den gongen. – Eg hugsar der var mykje folk, og dei to prestane i sine side, svarte prestekjolar og med flosshattar. Dette gjorde inntrykk på meg.