Inga minneleg løysing på Gote

Tomtestriden på Gote i Gjerdsvika let seg ikkje løyse gjennom eit møte mellom partane.

Gote: Dei aktuelle eigedomane, 2/14 og 2/26, ligg ved sida av kvarandre like sør for innkøyrsla til vegen som heiter Goteneset.  Foto: sunnmorskart.no

Nyhende

Det er Sande kommune som har gjort feil, og det er også kommunen som må ordne opp, hevda Ivar Lødemel i eit møte han nyleg hadde med kommunen. Der avviste Lødemel kommunen sitt forslag om å møte nabo Ove Kirkholm for å prøve å finne ei minneleg løysing på striden.