Får kjøpe hamna for 250.000

Sande kommune får tilbod om å kjøpe Haugsholmen fiskerihamn for 250.000 kroner.

HAUGSHOLMEN: For 250.000 kroner kan Sande kommune få eigedomsretten til molo, gangveg og allmenningskai i Haugsholmen fiskerihamn.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Kystverket har på nytt hatt Haugsholmen fiskerihamn ute for sal etter at det ikkje blei semje om ei kommunal overtaking av hamna. No har Kystverket lagt fram eit nytt forslag til kjøpekontrakt der kommunen kan bli eigar av hamnekonstruksjonane mot å betale til 250.000 kroner.