Hans Jørgen Fedog om overtakinga av Kleven:

– Stolt over å få sjansen til å bygge Kleven opp til gamal storheit

Den nye eigaren av Kleven er jordnær, men også optimistisk, engasjert og offensiv. Det liker adm. direktør Kjetil Bollestad og Ulstein-ordførar Knut Erik Engh særs godt.

POSITIVE: Adm. direktør ved Green Yard Kleven, Kjetil Bollestad, og adm. direktør i Green Yard Group Hans Jørgen Fedog under ein spasertur på verftet torsdag.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

– Dette er ein utruleg spennande sjanse vi har fått. Vi er utruleg stolte over å få sjansen til å bygge opp Kleven til gamal storheit.