Tilsette tek over Kleven-selskap

Tilsette i Kleven Maritime Technology (KMT) tek over selskapet og skal halde fram drifta som før.

KMT: Engineeringselskapet Kleven Maritime Technology både har og har hatt, ein stor ekstern kundemasse i tillegg til Kleven Verft.  Foto: Per Eide

Nyhende

Etter semje mellom bustyret og Kleven verft sine finansieringsinstitusjonar, har tilsette i KMT overteke selskapet frå konkursbuet. Kleven Maritime Technology har per i dag seks tilsette som leverer engineering-tenester innafor marin elektro og automasjon.

– KMT både har, og har hatt, ein stor kundemasse i tillegg til Kleven Verft, og er eit veldrive selskap med god inntening og gode driftsresultat, seier dagleg leiar Trond Liavaag i ei pressemelding.

Konkurs i juni

At selskapet blei slege konkurs tidleg i juni har ifylgje Liavaag ikkje samanheng med drifta av selskapet, men skuldast at KMT inngjekk som del av pantsikkerheita til bankfinansieringa av Kleven Verft.

Pressemeldinga fortel at alle aktiva i selskapet er løyste ut, og KMT vil drive vidare utan avbrot mot same marknaden og med alle driftsmidlar og dokumentarkiv intakt.

– Vi vil auke nedslagsfeltet, og etter kvart også bemanninga, seier Liavaag.