Gledeleg for Sande, meiner ordføraren:

Får hurtigbåt både sommar og vinter

Ordførar Olav Myklebust trur folk i Sande vil få stor glede og nytte av hurtigbåtsambandet som startar om få veker.

Viktig: – Hurtigbåtsambandet kan få mykje å bety for både folk og reiseliv i Sande, seier ordførar Olav Myklebust.  Foto: Arkiv/Endre Vorren

Det viktigaste no er at tilbodet kjem i gang, og vi i Sande har lova å legge til rette på best muleg måte– Det viktigaste no er at tilbodet kjem i gang, og vi i Sande har lova å legge til rette på best muleg måte

Olav Myklebust
Nyhende

Måndag 10. august er den lanserte oppstartsdatoen for Cruise Service sitt nye hurtig- båttilbod mellom Ålesund og Stad. Selskapet legg opp til ein dagleg tur/retur, og Sande-ordføraren er spesielt glad for at for Sande blir det eit heilårleg tilbod med anlaup både om sommaren og i vinterhalvåret.