Viktig «korona-støtte» for Aktiv Trening-kjeda, men gode besøkstal er viktigast

Dagleg leiar David Andersen håper gode besøkstal i sommar og utover hausten skal gi Aktiv Trening-kjeda ein opptur etter ein tøff vår med stengde dører.

AK­TIV-SEN­TE­RET I HER­ØY: Tre­nings­sen­te­ret ved Her­øy kul­tur­hus og Sunn­mørs­ba­det er eitt av 13 mel­lom Mol­de og Nord­fjord­eid. Ak­ti­vi­te­ten her er på veg opp igjen et­ter ko­ro­na­steng­in­ga.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Det er alltid kjekt å sjå at folk vender tilbake, og spesielt kjekt at vi også ser mange nye folk.

David Andersen
Nyhende

15. juni kunne treningssentera endeleg opne dørene igjen etter at dei i likskap med mange andre måtte stenge ned då regjeringa sette i verk omfattande smitteverntiltak 12. mars. Det syntest dagleg leiar for Aktiv Trening-kjeda, herøyværingen David Andersen, at var i seinaste laget, då han meiner at treningssentera er godt rusta for å legge til rette for både avstand og andre smitteverntiltak.