Håper fylkeskommunen vil vere med på skredvoll-løysing:

– Meiningslaust med skredvoll mellom fylkesvegen og idrettsanlegget

Moltu IL er pålagt å sikre det snart bruksklare frifot-anlegget mot skred. Men fylkesvegen som går tvers gjennom området mellom idrettsanlegget og det aktuelle skredområdet må ikkje sikrast.

AN­LEG­GET: Ar­bei­det med det nye fri­fot-an­leg­get går sta­dig fram­over. Det­te dro­ne­bi­le­tet vart teke for om lag tre ve­ker sidan, og sy­ner stor fram­gang i pro­sjek­tet. Den ak­tu­el­le skred­vol­len er i ut­gangs­punk­tet tenkt plas­sert i om­rå­det mel­lom an­leg­get og fyl­kes­ve­gen.   Foto: Dronefoto Moltu IL

Nyhende

Etter at ein skredrapport frå Multiconsult avdekka at det er fare for eitt skred per fem tusen år i området ved det nye frifot-anlegget, har fylkesmannen pålagt Moltu IL å bygge ein skredvoll før deira nye kombinasjonsanlegg for fotball og friidrett kan takast i bruk.