Vil ha «dolfinar» ved Gjerdsvik-kai

Gjerdsvika hamn:   Foto: Ann OLaug Vorren

Nyhende

Gjerdsvika Næringsutvikling skisserer i eit brev til Sande kommune korleis ein ser føre seg den tekniske løysinga for den komande kaia i hamna. Skal det vere ei 40 meters kai, er det særs viktig å supplere med to til fire såkalla «dolfinar» i kvar retning, slik at større skip kan legge til. Det trengst også gode pullertar på kaia, og det trengst ein ny forsyningstrafo til straum, melder næringslaget.