Ordførar Myklebust inn i fartsgrense-kamp

Ordføraren i Sande støttar privatpersonen som har engasjert seg i ei sak om fartsgrenser.

Kjempar for nedsett fartsgrense: Sara Fugledal Wiik og ordførar Olav Myklebust. – Godt initiativ av Sara som kommunen stiller seg bak. Eg kan ikkje forstå anna enn at vi må ha ei god sak her, kommenterte ordføraren då vi kika nærare på forholda. 

Nyhende

Sara Fugledal Wiik har tidlegare vendt seg til fylkeskommunen med ynskje om å få nedsett fartsgrensa i 80-sona frå «Joker-krysset» og nordover, på fylkesveg 5868.