Stort trykk på Sunnmørsbadet og tilsette blir kjefta på – ber om forståing:

- Må halde smittevernreglane

No som sommarferien for alvor er i gang opplever Sunnmørsbadet stort trykk. Det skapar utfordringar for både tilreisande og tilsette, opplyser dagleg leiar.

Karl Petter Sortehaug: Sortehaug ber om at ein ikkje kjeftar på tilsette som gjer jobben sin.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Fleire tilreisande og lokale badegjestar har fått oppleve å måtte vente ved inngangsdøra for å sleppe inn. Korona-restriksjonane fordrar nemleg at det ikkje er meir enn 200 badande ved anlegget til ei kvar tid. Trykket på Sunnmørsbadet er no høgare enn som så.

– Vi opplever at tilsette blir kjefta på av frustrerte kundar fordi her «ikkje er plass». Til dei er mitt svar: Vi forstår at det er keisamt å ikkje få bade eller vente på tur, men no må vi halde smittevernreglane, seier dagleg leiar Karl Petter Sortehaug.

Han meiner det er direkte ufint av folk å kjefte på dei tilsette for å gjere jobben sin med å handheve korona-restriksjonane.

– Her er plass til alle om vi samarbeider

Det er spesielt midt på dag trykket er størst og problema oppstår, opplyser Sortehaug. Derfor ber han no om at ein set i gang ein «badedugnad», der lokale vert bedne om å bade tidlegare eller seint på dag for å lette på trykket.

– Vi ber om at dei som har moglegheita til det prøver å planlegge turen til Sunnmørsbadet tidleg på dag eller seint på kvelden. Her er plass til alle så sant vi jobbar saman. Vi har utvida opningstidene til klokka 20 kvar kveld no i ferien, minner Sortehaug om.