Koronakrisehjelp til lag og organisasjonar:

Slik vert 300.000 korona-kroner fordelt i Herøy og Sande

Fem lag og foreiningar i Herøy og Sande får til saman vel 300.000 kroner i erstatning for tapte inntekter ved avlyste arrangement og tapte leigeinntekter.

Moltustranda: Moltustranda idrettslag får 90.000 kroner i erstatning frå fylket for tapte inntekter frå Mosjonsfestivalen som måtte avlysast i 2020. Illustrasjonsfoto: Bjørnar Torvholm Sævik 

Nyhende

Som einaste fylkeskommune lanserte Møre og Romsdal fylkeskommune i mai ein tiltakspakke med sju støtteordningar for kulturlivet. Tiltakspakken hadde som formål å dempe effekten av koronapandemien i kulturlivet og i alt fekk fylkeskommunen 257 søknadar. No er alle dei 257 søknadene behandla og 22 mill. kroner er fordelt til små og store prosjekt i heile fylket.