Høgt gras bekymrar i vegkrysset på Hjelmeseth

Magnus Myklebust åtvarar om at det no har oppstått eit litt skummelt trafikkbilete i krysset mellom Hjelmesethvegen og Fylkesveg 654 som følgjer av høgt gras.

Magnus Myklebust: Inntil noko vert gjort med det høge graset der Hjelmesethvegen møter Fv. 654 vonar Myklebust at folk viser omsyn i krysset. Myklebust minner om at det historisk sett har vore dødsulykker i krysset, då ikkje på grunn av gras vel og merke,  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Vi møter pensjonisten i krysset der han syner oss området kring nettstasjonen som står der. Det høge graset strekk seg over hovudet hans. Det er noko han bekymrar seg over, då det blokkerer sikta til gangfeltet, noko som igjen kan by på trafikkfarlege situasjonar. Han ber folk vere varsame i krysset.