Arbeidsløysa er halvert sidan månadsskiftet mars/april

NAV sine tal ved utgangen av juni syner at stadig fleire er tilbake i arbeid igjen.

NAV: Koronakrisa førte til ein arbeidsløysetopp rundt 1. april. Sidan då har det betra seg.  Foto: Illustrasjon

Nyhende

I månadsskiftet mars/april var så mange som 537 personar i Herøy heilt arbeidsledige. Sidan den gong har utviklinga peika rett veg.

No er det 278 heilt arbeidsledige i Herøy, og det gir ei arbeidsløyse på 6,1 prosent.

Tilsvarande tal for Sande var 110 personar heilt utan arbeid 1. april, medan talet no er 55, nøyaktig ei halvering. 2,4 prosent av arbeidsstyrken i Sande er no heilt ledige.

Hareid har høgst arbeidsløyse i Møre og Romsdal med 6,9 prosent, medan Herøy (6,1 prosent) og Ulstein (6,0 prosent) ligg på plassane bak.

Det kan vere grunn til å frykte at Kleven-konkursen i tida som kjem kan påverke tala på Søre Sunnmøre i ytterlegare negativ lei. Her kan så mange som rundt 430 personar stå i fare for å miste jobben.