Leiar:

Koronaen tek ikkje sommarferie

Sommaren er her, også det som i tidlegare vart omtala som fellesferien. Det inneber i år – kort sagt – at vi kjem til å bli meir eksponerte for menneske som er koronasmitta.

Covid-19: Koronaviruset glimrar med sitt fråvær i kommunane våre. 

Nyhende

Årsaka er enkel: Folk reiser meir på denne tida av året enn elles. Sjølv om vi denne sommaren ikkje kjem til å møte så mange utlendingar, finst framleis eit ukjent antal nordmenn som er koronasmitta. Meir reising inneber altså at fleire høgst truleg kjem til å bli smitta av Covid-19-viruset.

I fleire samanhengar har vi sett at også at mange også av oss som bur her fast, kan sjå ut til å bry seg mindre om smittefaren. Det er forståeleg. Tometersregelen vart erstatta av èinmetersregelen, og styresmaktene har auka talet på moglege deltakarar ved ulike arrangement.

At reglane er oppmjuka fører høgst truleg også til at mange av oss, kanskje ubevisst, trur at det er mindre smittefare. At det kan vere greitt å menge seg med folk, kanskje jamvel handhelse og klemme. Nokon droppar til og med dei viktige og gode hygienetiltaka som alle lært seg tidlegare i år.

Det kan i ytste konsekvens vere livsfarleg å tenkje slik.

Det er nemleg avgjerande viktig å fylgje smittevernreglane også i sommar. Koronaen tek ikkje ferie. Vanane vi har vendt oss til, blir vel så viktige når folk frå alle delar av landet no blandar seg med kvarandre.

Den høgst aktuelle og moglege sommar-spreiinga av korona kan også skape utfordringar for helsevesenet, som også skal gjennom ei ferieavvikling. Likevel er det viktigare enn i kanskje nokon annan sommar i nyare tid at det kommunale og nasjonale helsevesenet er 100 prosent operativt og førebudd.