Førebur seg på smittetopp i løpet av hausten

Smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen ber folk førebu seg på ein langvarig koronapandemi.

Bjørn Martin Aasen: Smit­te­vern­over­le­gen ber folk føre­bu seg på ein lang­va­rig pan­de­mi. 

Nyhende

– Pandemien blir langvarig. Det er det berre å førebu seg på. Han vil vare minst eitt år.

Det sa Aasen då han orienterte Herøy formannskap denne veka. Han meiner at Herøy i likskap med alle andre kommunar må vere budde på at eit smitteutbrot vil kome, sjølv om det ikkje har vore registrert smitte i kommunen sidan 27. mars.

– Det kjem til å kome lokale eller regionale bølgjer der du får ei rask smittespreiing i større delar av befolkninga. Også regjeringa legg til grunn at ein skal planlegge for ein smittetopp hausten 2020, sa Aasen.

Aasen forklarte vidare at sjølv om det er låg smitterisiko lokalt, vil opninga for meir reiseverksemd også gjere risikoen for smitte ganske stor. I denne samanheng trekte Aasen fram ei oversikt som viser at den siste veka har vore den absolutt verste på verdsbasis.

Derfor held Aasen og staben oppe beredskapen, også under ferieavviklinga. Han oppfordra samstundes alle som har symptom på koronavirus om å teste seg, og kunne elles fortelje at talet på utførte koronatestar i Herøy no er 439 (fire smitta).