Stor leiteaksjon i området kring Fosnsavåg i natt - fann den sakna

I natt har det vore ein større leiteaksjon på gang i området kring Fosnavåg, etter at ein lokal mann vart meldt sakna.

  Foto: Privat

Nyhende

Vestlandsnytt fekk i natt fleire meldingar om det som viste seg å vere ein større leiteaksjon i området kring Fosnavåg sentrum og på dei nærliggande fjella. Politiet gjekk i 00.30-tida ut med informasjon om at det var snakk om ein lokal mann som var meldt sakna. Dei bad då om all informasjon som kunne hjelpe dei i søket. Både frivillige, politi og helikopter var i sving.

Etter eit par timar, i 03-tida, kunne politiet opplyse at den sakna var funnen. Han blei så tatt hand om av helsevesenet.