Kleven er konkurs

Fredag vart det klart at Kleven i Ulsteinvik er konkurs.

Illustrasjon  Foto: Per Eide

Nyhende

DIV-group melder fredag i ei pressemelding at Kleven no vil sende konkursoppmoding til Sunnmøre tingrett for Kleven Verft AS og dotterselskapa Kleven Maritime Contracting AS og Kleven Maritime Technology AS.

– Vår ambisjon var å utvikle Kleven og etablere vårt selskap i Noreg, og det er derfor sterkt beklageleg at vi ikkje nådde ei løysing i denne vanskelege situasjonen. Vi har jobba hardt for å finne løysingar, og saman med dei tilsette gjorde vi vårt beste, men har ikkje lukkast, seier administrerande direktør og styreleiar i Kleven Tomislav Debeljak i pressemeldinga.


Kroatisk industrikonsern kjøper Kleven Verft

- No skal vi, saman med nye eigarar, tenke langsiktig og utvikle oss vidare.


Vidare seier Debeljak at dei no vil samarbeide tett med administratoren av boet for å sjå om dei manglande utbetalingane som nokre av arbeidarane har opplevd kan betalast ut raskare. Dei om lag 400 tilsette i selskapet som vert råka av konkursen skal ifølge pressemeldinga halde fram med sine normale oppgåver inntil vidare. Alle er omfatta av lønnsgaranti-ordninga.

Det var i helga det blei kjent at tre långivarar avslutta avtalen med verftet, og at selskapet var nær konkurs dersom ein ikkje fann ei løysing snarast. Det er ei gruppe norske bankar, saman med Innovasjon Noreg og Giek, som har sett ned foten.


Kleven kan vere på veg mot konkurs

Kleven-konsernet i Ulstein har hamna i ein akutt, alvorleg situasjon. Resultatet kan bli konkurs.