Nye utfordringar for forseinka hamneprosjekt

Hamneprosjektet i Gjerdsvika er framleis ikkje ferdig godkjent, snart eit år etter at det skulle ha stått ferdig.

Gjerdsvika hamn: Prosjektet til Kystverket gjeld i grove trekk mudring av hamneinnløpet samt eit areal innanfor moloane, pluss etablering av to deponi som har gitt industriareal. Foto: Ann Olaug Vorren 

Nyhende

– Vi ventar framleis på ein endringssøknad frå Kystverket, seier teknisk sjef Kjell Martin Vikene.