Historia gjentek seg ved Ytre Herøy ungdomsskule:

Uakseptabel skadeverk-tradisjon

Elevar som takkar for seg med å gjere skadeverk er etablert som ein tradisjon ved Ytre Herøy ungdomsskule.

Tradisjon: Skadeverk i form av tagging har blitt ein tradisjon ved Ytre Herøy ungdomsskule. 

Nyhende

Også i år blei det gjort skadeverk i form av omfattande tagging både utvendig og innvendig på Ytre Herøy ungdomsskule i samband med avsluttinga av skuleåret. Skadeverket står fram som forsettleg og meiningslaust, skriv eigedomsleiar Robert Myklebust som har meldt saka til politiet.