Redusert tilskot til Gnist barnehage

Gnist Barnehager Myklebust   Foto: Jann Flatval

Nyhende

Gnist Barnehager Myklebust As har fått varsel om redusert tilskot frå kommunen frå august 2020. Reduksjonen skuldast at barnetalet ved barnehagen vil bli redusert frå dagens 85 barn til 59 barn per 1. august og 63 barn frå 15. desember. Denne nedgangen meiner kommunen utgjer ei så stor aktivitetsendring at grunnlaget for redusert tilskot er til stades.