10,5 mill. kroner for å få barn til å ete meir fisk

Kosthaldsprogrammet Fiskesprell får 10,5 millionar kroner frå fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) for å få barn og unge til å ete meir fisk og sjømat.

Fiskeriminister: Odd Emil Ingebrigtsen (H) ynskjer at born skal ete meir fisk. Pressefoto 

Nyhende

– Fisk er raskt å lage, lett å like og enkelt å variere. Det kan etast både heime og på tur, i tillegg er det sunt for både kropp og hovud. Barn og unge bør ete meir fisk, men dei må lære korleis, seier han.

Eitt av tiltaka for å få opp fiskegleda er kosthaldsprogrammet, som fiskeri- og sjømatministeren styrkjer med 6,5 millionar kroner i tillegg til dei 4 millionane som allereie var sette av i budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet.

Kosthaldsprogrammet skal gi barn og unge gode matopplevingar med fisk og sjømat gjennom å kurse tilsette i barnehagar og skular i tillaging, i tillegg til undervisningsmateriell og støtte til innkjøp av råvarer.

To-tre fiskemiddagar i veka

– Pengane skal bidra til at Fiskesprell skal kunne nå endå fleire, til dømes foreldre som jo har hovudansvar for kosthaldet til barna. Fiskesprellporteføljen skal òg utvidast slik at klima og berekraft blir integrert i det faglege saman med ernæring, seier Ingebrigtsen.

Helsedirektoratet rår nordmenn til å ete fisk til middag to til tre gonger i veka og også bruke fisk som pålegg. Dei same kostråda er òg identifiserte som viktig for å redusere klimabelastninga.