Rullestolbrukar gjekk i bakken i Fosnavåg

Ar­kiv­fo­to  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Vegstandarden i Fosnavåg sentrum kan fleire plassar vere utfordrande for rørslehemma og rullestolbrukarar. No har ein rullestolbrukar rapportert om ei sprekke i asfalten på taket til parkeringshuset ved Fosnavåg brygge. I dette tilfellet enda det med at vedkomande rullestolbrukar gjekk i bakken og måtte ha hjelp for å kome seg opp i stolen igjen.