Manglar 84 meter på heilårs skuleskyss

Nyhende

Eit foreldrepar på Jøsok ber om at Jøsokvegen må kome på planen for trafikktrygging. Vi synest dette er ein farleg og svingete skuleveg vinterstid, og det manglar 84 meter på at våre barn har rett til heilårs skuleskyss på ein veg som kunne hatt både gatelys og gangveg. For oss er dette sjølvsagt vanskeleg å forstå, skriv foreldra.