Verdsleiande oppdrettar gir:

Kjempekontrakt til MMC First Process

– Denne kontrakten stadfestar at vi er i verdstoppen på leveransar til slike fartøy.

JUBEL på mjølstaneset: Teamet i MMC First Process jublar over storkontrakten: Frå venstre Petter Leon Fauske, Ingvild Pedersen, Asbjørn Tråseth, Leif Gjelseth, Frank Edvard Vike og Arnfinn Hide.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Slik kommenterer Leif Gjelseth storkontrakten som MMC First Process har inngått med den færøiske oppdrettaren Bakkafrost. Sunnmørsselskapet får ansvaret for fiskevelferden om bord i den store og moderne brønnbåten som Bakkafrost skal bygge i Tyrkia med levering i 2022.