Hareid Elektriske tilbake i pluss

Etter tap i 2018, skapte Hareid Group i 2019 igjen plussresultat, men trass rekordomsetning blei det ikkje meir enn vel sju millionar kroner på botnlinja.

avslutta: – Det mest krevjande prosjekta er avslutta, seier konsernsjef Karsten Sævik. 

Nyhende

Krevjande prosjekt og store tap i enkeltselskap i den maritime verksemda dreg ned resultatet. Gjennom sterke resultat i dei andre selskapa i konsernet, skapte organisasjonen likevel eit samla driftsresultat på litt over sju millionar kroner, skriv selskapet i ei pressemelding.

Krevjande for marine

– Vi har lagt bak oss ein periode med omfattande og kompliserte prosjekt i marinedivisjonen, prosjekt som har ført med seg store tap for Hareid Group. Dei mest krevjande prosjekta er no avslutta, og vi kan konsentrere oss om å bygge eit solid fundament for vidare utvikling i åra som kjem, seier konsernsjef Karsten Sævik.

Hareid Group hadde i 2019 ein omsetnad på 1,2 milliardar kroner, den største årsomsetnaden i verksemda si historie.

– Konsernet administrerer ein stor aktivitet, og vi jobbar no med å ruste organisasjonen for å kunne ta nye steg med kontrollert risiko, seier Sævik.

Gjennom 70 år har Hareid Group opparbeidd ein unik kompetanse innan elektroinstallasjon og varehandel.

– Denne kompetansen skal vi foredle og vidareutvikle til det beste for kundar, tilsette og lokalsamfunn, seier konsernsjefen.

Hareid Group består av tretten heil- og deleigde selskap. Konsernet har 655 tilsette, og har hovudkontor på Hareid.