Han er ny kommunedirektør i Sande

NAV-leiaren i Hareid, Ulstein og Sande, Anders Norvald Hammer, blir ny kommunedirektør i Sande.

Anders Hammer er ny kommunedirektør i Sande  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Dette er ein veldig spennande jobb i ein kommune eg høyrer berre positivt om. Det har hjelpt veldig når eg skulle ta dette viktige valet. Eg er audmjuk overfor for denne moglegheita og er bestemt på å vise at dette var eit godt val for Sande kommune. Mi store drivkraft er å få til resultat saman.