Laurdag blir det aksjon mot Havsul 1-vindkraftverket på Rundebranden:

– I solidaritet med fugl og fisk

Eit kommunestyrevedtak i Ålesund har tilført det frå før sterke engasjementet endå meir kraft. Laurdag kan alle som vil få ytre si meining om Havsul 1-vindkraftverket. Det heile skjer frå fuglefjellet som kan bli hardt råka.

KLA­RE FOR AK­SJON: Det­te er no­kre av med­le­ma­ne i ak­sjons­grup­pa «Runde mot Havsul 1 vind­kraft­verk», som er ar­ran­gø­ra­ne for laur­da­gens møte på Rundebranden. F.v.: Kaja Runde, Olav Runde, Marie Runde, An­ders Goks­øyr, Alv Ottar Fol­ke­stad og Hans Jakob Runde.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

– Gjer vi ikkje våre stemmer gjeldande så vil kapitalinvestorar og andre som berre ser pengar i dette, og som ikkje ser miljøet, tapetsere heile norskekysten med vindmøller. Det er vi ikkje tente med.

Det seier Anders Goksøyr då vi møter han og fleire av dei andre medlemane i motstandsgruppa «Runde mot Havsul 1 vindkraftverk» til ein prat nokre dagar før gruppa inviterer til aksjon på Rundebranden. Dei har på ingen måte gitt opp å få stoppa den planlagde vindkraftparken utanfor Sandøy, som kan føre til store konsekvensar for fuglefjellet på Runde.

– Viktigheita av at opinionen reiser seg og seier frå om at vi ikkje kan vere med på dette kan ikkje overvurderast; det er forferdeleg viktig, seier Goksøyr vidare.

Vedtaket i Ålesund

Nyleg gjekk fleirtalet i Ålesund kommunestyre inn for å gje utsett frist for iverksetting av Havsul 1, trass i at formannskapet meinte kommunen skulle klage på ei slik utsetting. Eit tilleggsframlegg om at NVE skal vurdere om den gitte konsesjonen har følgt energilovgivinga og forvaltningslovas krav, vart også nedstemt med ei stemmes margin.

«Runde mot Havsul 1 vindkraftverk»-gruppa reagerer på korleis dette vedtaket vart fatta, og ålesundspolitikarane er derfor, i likskap med herøypolitikarane, inviterte til aksjonen på Rundebranden.

– Vi såg korleis det var før kommunestyremøtet i Ålesund. Der var både Havsul 1 AS og konsulentselskapet Multiconsult deltakande med ein representant. Begge to argumenterte for prosjektet like før behandlinga i Ålesund kommunestyre. Der var ingen som belyste det frå andre sida, seier Alv Ottar Folkestad.

– Motvind Nordvest prøvde å kome inn, men vart avviste, legg Kaja Runde til.

Dei håper no på ei ny behandling av saka.

– Du snakkar om eit vedtak med ei stemmes overvekt. Hadde det derimot vore eit tilnærma samrøystes vedtak hadde det nok vore vanskeleg, men no kan det vere håp, meiner Folkestad.

– Fleire av dei som stemte for har også gitt uttrykk for at dersom dei kjende til den informasjonen frå nei-sida som dei har fått i etterkant; så hadde dei aldri stemt for, hevdar Kaja Runde.

– Kan trekkast tilbake

– Det er sagt at når det er gitt ein konsesjon så kan dei ikkje trekke den tilbake. Det er klart dei det kan, meiner Olav Runde.

Han er tydeleg på at Havsul 1 ikkje er eit havprosjekt, men eit nær land-prosjekt med store konsekvensar. Derfor meiner han at politikarane blir nøydde til å lytte.

– Det einaste politikarar er redde for, er å ikkje bli attvalde. No er det val om eitt år, seier Olav.

Men både han og resten av gjengen fryktar at sentrale politikarar ikkje vil lytte. Kanskje er det endåtil bevisst.

– Om folka som bur der har så sterke synspunkt om dette som ein openbert har, så risikerer ein å sitte att med ein svær vindmøllepark, medan folk har flytta derifrå. Det er ein svært effektiv sentraliseringspolitikk, meiner dei.

Positivt engasjement

Samstundes finn dei glede i at fleire kommunestyre har sagt nei til vindkraftverk, mellom dei Herøy. Også engasjementet på Haramsøya og Frøya blir trekt fram som viktig.

– På Haramsøya kjempar dei sannsynlegvis ein tapt kamp lokalt, men om ein ser det i nasjonal samanheng så har dei no sett saka på dagsorden på ein måte som ingen andre har gjort, seier Anders Goksøyr.

I tillegg har fiskarane byrja å engasjere seg.

– No har vi sett at fiskarane, og forskarane, er redde for at lyden frå møllene kan påverke gytande sild, slik at dei vert trekt vekk frå sine gyteområde, seier Kaja.

Ornitolog Alv Ottar Folkestad er på si side klar på at sjøfuglen si rolle i dette området er avgjerande på mange måtar.

– Om vi hugsar korleis Rundebranden og resten av ytterkysten her var i hekketida i gamle dagar, så kan vi hugse at han var grøn. Det skuldast at det vart gjødsla, og stort sett var det sjøfuglane som stod for gjødslinga.

Han fryktar no skadane vindkraftverket vil påføre både naturen og sjøfuglane.

– Sjøfuglane har ei svært låg dødelegheit, og treng ikkje å produsere mange ungar for å halde bestanden ved like. Men dersom ein no aukar dødelegheita for dei vaksne fuglane, så skal det veldig lite til for å slå dei ut, forklarar Folkestad.

– Møt opp!

Avslutningsvis kjem Kaja og Marie Runde med nokre praktiske råd før folk samlar seg på Rundebranden i to-tida på laurdag.

– Hugs smittevernreglane, og unngå å trakke utanfor stiane, seier dei to, og viser elles til Facebook-sida «Runde mot Havsul 1 vindkraftverk» for meir informasjon.

– Vi er klar til innsats! Samstundes vil vi oppmode alle i Herøy og Sande, både unge og gamle, om å kome til Runde denne dagen. Spesielt vil vi oppfordre alle unge til å vere med. Det står om korleis naturen skal vere i framtida, avsluttar arrangørane.