Trafikkulykke ved Kvalnestunnelen

Måndag ettermiddag melder politiet at det har vore ei trafikkulukke ved Kvalnestunnelen i Ulstein. Det er snakk om ei møteulykke. Tre bilar er involvert, med ein person i kvar bil.

  Foto: Henrik Mork Vorren

Nyhende

To personar blir frakta til sjukehus med ambulansehelikopter. Politiet gjennomfører no undersøkingar på staden og det vil gå føre seg ei god stund. Det blir ein del trafikale problem og trafikken vert omregulert, skriv politiet.

Det er meldt om trafikale problem på den kommunale vegen mellom Haddal og Bigset.

Omkøyring skjer via E39 - Ørsta og Solavågen, opplyser Vegtrafikksentralen i 17-tida.