Ho var berre knappe halvmeteren frå bli offer for ras ved Kvalsvikstranda:

– Eg gret og var i sjokk resten av dagen

Jeanette Nerland kjem nok ikkje til å sykle til og frå jobb på lang tid. Førre veke opplevde ho nemleg skrekkscenarioet langs vegen ved Kvalsvikstranda.

Jeanette Nerland: Kvalsvikaren fortel at ho gret og var i sjokk etter å nesten ha blitt treft av steinraset på veg heim frå jobb. Ho kjem nok ikkje til å sykle på jobben igjen med det fyrste, seier ho. Denne opplevinga kjem til å sitte sterkt i minne i lang tid. 

Ein av dei største dundra i bakken berre centimeter frå bakhjulet mitt.

Jeanette Nerland
Nyhende

Det var førre torsdag, ein nydeleg sommardag, at Jeanette var på veg heim til Kvalsvika. I finvêret hadde ho bestemt seg for å ta sykkelen til og frå jobb.