Fryktar tannklinikk-vedtak vil koste kommunen store summar

Også i Sande vert det stilt spørsmål med sentraliseringa av tannhelsetenestene.

Einar Ekroll: Frp-politikaren, som også er varaordførar i Sande, vil ha kommunen til å gå nærare inn i saka rundt omstillingsplanen til fylkestannklinikkane. Dette er frå klinikken på Larsnes, som står for fall.  Foto: Endre Vorren

Vi snakkar om store kostnader til transport og fylgje.

Einar Ekroll
Nyhende

23. juni sende varaordførar Einar Ekroll (Frp) eit skriftleg spørsmål til komande møte i kommunestyret. Tema er den føreslegne – og for så vidt vedtekne – nedlegginga av tannlegekontoret på Larsnes tidleg neste år.