Fokus på lokale innkjøp

Ordførar Bjørn Prytz (Ap) vil ha lokal innkjøpsstrategi på sakskartet i løpet av hausten.

Bjørn Prytz: Ord­fø­ra­ren mei­ner at det i et­ter­kant av ko­ro­na­si­tua­sjo­nen har blitt ekst­ra vik­tig å få på plass ein lo­kal an­skaf­fings­stra­te­gi.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

– Det er viktig å ta vare på dei bedriftene vi har, pluss å legge til rette for nye. Då er ein forståeleg, lokal anskaffelsesstrategi eit viktig og nødvendig verkemiddel, sa ordføraren avslutningsvis då han svara på Aleksander Tarberg (KrF) sitt grunngjevne spørsmål om status for arbeidet med ein lokal anskaffingsstrategi.