Mange nysgjerrige møtte opp på indre allmenningskai

No er Remøybuen døypt

Herøyværingane møtte opp mannsterke då den nye Remøybuen vart døypt og opna for publikum i Fosnavåg laurdag.
Nyhende

Det var med eit breitt glis at reiar Hans Remøy ønskte den store folkemengda velkomne til den etterlengta dåpen av herøyflåten sitt siste tilskot. I ei kort tale omtala Remøy dåpen som ekstra gledeleg etter det reiaren såg som ei rekordlang ventetid, mellom anna på grunn av koronaen og omorganiseringar i Vard-systemet.