Dette meiner ungdomsrådet om UFO og alkoholplanen

Ungdomsrådet trur ikkje UFO på skulane vil bli populært. Eit nytt tilbod i fritidsklubb-lokala på kulturhuset blir derimot sett som svært positivt.

UNG­DOMS­RÅ­DET: Her ser vi eit bil­de­glimt frå det ak­tu­el­le mø­tet i ung­doms­rå­det. Frå venstre ser vi: Sigve Storøy Hermansen, Helene Kvalsund, Helena Aasen, Ingeborg Rougnø, Mathias Løvøy, Mona Grethe Ryssevik, Carl-Henrik Myrseth Moltumyr, Viktor Skarbø, Inge Moltumyr og Celina Frøystad.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Under førre vekes kommunestyremøte vart ungdomsrådet sine meiningar trekt fram med positive ordlag fleire gongar, og spesielt i saka om den nye UFO-ordninga.

I protokollen frå deira siste møte kan vi lese meir om kva ungdomane sjølv meiner. Her kjem det klart fram at ungdomsrådet mykje heller vil nytte fritidsklubben på kulturhuset enn eventuelle lokale rundt om på skulane. Dei er også positive til eit eventuelt samarbeid med Sunnmørsbadet, når det kjem til mattilbod.

Dei ønskjer likevel at det skal bli gjennomført ei spørjeundersøking ved Stokksund skule for å kartlegge behovet for å starte opp UFO der. Men:

– Herøy ungdomsråd trur ikkje ungdomane kjem til å vere der og vente på aktivitetar som skjer etter skuletid. Fotballtreningane er seint på ettermiddag/kveld og skjer ute i krinsane. Dans og dei fleste kulturskuleaktivitetane skjer på kulturhuset og slik det er no tek elevane på Stokksund buss til kulturhuset og ventar der, heiter det.


Vedtok oppstart av UFO:

– Skal vere eit lågterskeltilbod

Ungdomsfritidsordninga UFO startar opp ved Herøy kulturhus i september. Kommunestyret vil inkludere ungdomane i utforminga.


Tilbod for dei mellom 18 og 20

Som vi var inne på i tysdagsavisa så fekk ikkje ungdomsrådet uttale seg om den alkoholpolitiske handlingsplanen for dei neste fire åra før etter vedtak i kommunestyret.

– Herøy ungdomsråd synest det er urimeleg at vi ikkje fekk saka før vedtak i kommunestyret var gjort, heiter det frå dei.

Dei tek likevel vedtaket til vitande, og håper elles at skjenkestadane legg til rette for at ungdomar mellom 18 og 20 år kan kome inn enkelte kveldar. I denne samanheng blir det vist til at dei fleste i aldersgruppa no reiser til Ulsteinvik, der grensa er 18 år.

– Kvifor kan det ikkje vera slik i Fosnavåg? Herøyungdomen vil jo helst gå ut her, skriv dei, og legg til at dei populære arrangementa på Neptun gjerne kan bli arrangert oftare.


Alkoholplanen til ungdomsrådet først etter vedtak

Reaksjonar på manglande involvering av ungdomane før skjenketid-vedtak.