Leiar:

Bra initiativ frå Leikanger sokneråd

"Nokre av gravsteinane har avgjort kulturhistorisk verdi. Desse treng ikkje dumpast berre fordi fjerne etterkomarar ikkje lenger vil stelle dei, eller fordi ein rett og slett ikkje har funne etterkomarane".

Krigsoffer: "At ein krigshelt sin stein skal destruerast, verkar som ei forhasta og feil avgjerd. Sjølv om familien ikkje skal passe denne steinen lenger, bør Reinert Svendsen sitt gravminne vere mellom dei som høyrer til Leikanger gravstad".  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Kyrkjegardane på bygdene representerer ein større verdi for folket, relativt sett, enn kva dei gjer til dømes i større byar. Det seier Toril Moltubakk, som arbeider med kulturminnevern i fylkeskommunen. På bygdene har det oftast budd mange-mange slektsledd på rad, og folket er difor meir knytte til kyrkjegardane her.

Inntrykket vert stadfesta av initiativet frå Leikanger sokneråd, som i tolvte time fekk stoppa ei vekksending av ei last med gravsteinar – kall det gjerne gravminne.

Det er eit forståeleg og bra initiativ Monica Sætre og andre står bak. Kyrkjegardane høyrer til i bygdebildet. Nokre av gravsteinane har avgjort kulturhistorisk verdi. Desse treng ikkje dumpast berre fordi fjerne etterkomarar ikkje lenger vil stelle dei, eller fordi ein rett og slett ikkje har funne etterkomarane.


Leikanger kyrkjegard:

Kjempar for å bevare gamle gravminne

Rask reaksjon frå soknerådsleiaren hindra at fleire titals gamle gravminne vart frakta vekk. Mellom anna gravsteinen til den dekorerte krigsflygaren Reinert Svendsen.


På same tid er det forståeleg at den lokale kyrkjemyndigheita stundom må «rydde» på kyrkjegardane. Ikkje minst om det er eit prekært plassproblem.

På Leikong er det ikkje plassproblem. Det er for lengst avsett meir grunn til ein utvida kyrkjegard. Difor er det heilt på sin plass at det vert laga ein plan for vidare skjøtsel av kyrkjegardane, der ein også kan peike ut eit areal med eit utval typiske gravminne, steinharde fakta som til dømes også kan relatere seg til historiske hendingar som spanskesjuka.

At ein krigshelt sin stein skal destruerast, verkar som ei forhasta og feil avgjerd. Sjølv om familien ikkje skal passe denne steinen lenger, bør Reinert Svendsen sitt gravminne vere mellom dei som høyrer til Leikanger gravstad.

Med smidigheit frå alle kan initiativet frå Leikanger, som vi også har sett liknande døme på frå Flusund og andre stadar i fylket, resultere i ei god og historisk framtidsretta løysing, både i Herøy og grannekommunane.