Kommunestyret vedtok tilstelling av Allmenningskaia, men:

Arbeidet var allereie utført

Kommunestyret i Herøy fekk førre veke ei relativt underleg sak på bordet.

ALL­MEN­NINGS­KA­IA: Både as­falt, bord og blo­mar er på plass. Folk ver­kar også å set­te pris på opp­gra­de­rin­ga som al­le­reie var gjen­nom­ført då kom­mu­ne­sty­ret gjor­de ved­tak om det. Un­der kom­mu­ne­sty­re­mø­tet vart det el­les stilt spørs­mål om det fak­tisk er nød­ven­dig med par­ke­rings­plas­sar på kaia.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Som mange kanskje allereie har registrert så har Allmenningskaia i Fosnavåg fått eit løft den siste tida. Det er også i tråd med intensjonen til formannskapet som så langt tilbake som den 21. april vedtok at det skulle brukast nokre kroner på utbetring av kaia. Men endeleg vedtak i kommunestyret har late vente på seg, faktisk så lenge at arbeidet like så godt vart utført før kommunestyret fekk gjort vedtak.