Ulykke i Sæviktunnelen

Fredag klokka 11.10 melde politiet om ein kollisjon mellom to bilar i Sæviktunnelen. Naudetatane kom raskt til staden. To ambulanser, ein brannbil og politiet var på plass.
Nyhende

Ifølgje vår mann på staden ser det ut til at ulykka har skjedd i enden av tunnelen på Runde-sida.

Politiet skriv 11:36 at tre personar blir frakta til legevakt for undersøkingar, der skadegrada er ukjent. Vegen/tunnelen blir stengt ei stund.

Det blir på staden opplyst at politiet no vil gjere nødvendige undersøkingar. Samstundes skal redningsbilen ta med seg dei to bilane.

I 12:30-tida var vegen og tunnelen open igjen.