Hovudet ville ikkje

For vel to år sidan susa både alderspensjonen og sjømannspensjonen inn på konto for fyrste gong. Endeleg, no kunne eg legge meg på sofaen, høyre musikk og lese bøker.

Ny utgreiing: Stad tunnel skal utgreiast til dei spyr på golvet i Samferdselsdepartementet, men Høyvik bryr seg likevel. Han klarar ikkje å slutte å bry seg. 

Då eg såg lauslivnaden i hovudstaden, sende eg ei kort melding til leiinga: «Trebåtfestivalen er berga, vi kallar det berre ein demonstrasjon».

Nyhende

Eg kan sove så lenge eg vil, sove etter middag, gå på kafé, og vitje barnebarna mine. Eg kan gi blaffen, og det er heilt likegyldig for meg om det er Erna Solberg eller Liv Ullmann som er statsminister. Dersom Mini Jakobsen blir fiskeriminister, så er det også heilt greitt, tenkte eg.