Anar ei politisk moglegheit for å berge den fylkeskommunale tannklinikken i Fosnavåg:

– No må alle lokale krefter køyre i gang ein felles offensiv

Som kjent er den fylkeskommunale tannhelsetenesta planlagt nedlagt i både Fosnavåg og på Larsnes. Dette meiner Bjarne Kvalsvik ein no må gjere alt for å reversere. Han anar no ei moglegheit.

Bjarne Kvalsvik: Her ser vi Bjarne Kvalsvik på tannklinikken i Fosnavåg som etter planen vil forsvinne. Han håpar likevel at der er moglegheiter for å redde klinikken, men det krev at Herøy-politikarane no gjennomfører ein samkøyrt offensiv, seier han. I Stranda og Sykkylven vart nyleg tannhelseklinikkane berga, inntil vidare, etter press frå lokalpolitikarar.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Før jul vart det klart at Møre og Romsdal skal gå frå 35 til 18 offentlege tannklinikkar. Om to år ligg det i korta at dei offentlege tannklinikkane på Larsnes, i Fosnavåg og Ulsteinvik vil vere avvikla. Alt vert då samla i det nye helsehuset som er under bygging på Hareid. Saka om nedskjeringane i tannhelsetenesta hamna derimot litt i skuggen av andre fylkeskommunale innsparingstiltak. Nedlegging av skuletilbod og ny takstauke på ferjene er dei mest naturlege døma vi kan trekke fram.