Utvalsleiar foreslår drastisk hjorte-kutt

Arnljot Muren er politisk sjef for hjorteforvaltinga i Sande kommune. No tek han til orde for eit skikkeleg krafttak for å få ned bestanden.

Talrik: Teljingar dei seinare åra syner ein til dels stor auke i talet på hjort i regionen vår. Nokre meiner bestanden er heilt ute av kontroll.   Foto: Johnny Larsen

Nyhende

– Det syner seg at dagens politikk har blitt for lite inngripande i hjortestammen. Det aular av hjort. Personleg kunne eg ha tenkt meg eit vesentleg større uttak av hjort enn det vi legg opp til.