Kystfiskeprosjekt til 150 millionar kroner:

Remøybuen klar til dåp

Herøy sin nyaste fiskebåt er endeleg overteken frå verftet, og laurdag er det duka for dåp ved ei nypynta allmenningskai i Fosnavåg.

Dåp og open båt: Hans Remøy med teikninga av nye Remøybuen som laurdag skal døypast ved allmenningskaia i Fosnavåg. Deretter vil det flunkande nye kystfiskefartøyet bli opna for publikum.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Nye Remøybuen er siste skotet på stammen av moderne kystfiskebåtar i herøyflåten. Med sine 28 meter går båten inn i klassen for store kystbåtar, og med fabrikk og fryseri for vidareforedling av fangsten er det eit heilt nytt konsept Hans Remøy har utvikla i lag med Trond Kvalsund i Fosnavåg-selskapet West Marine.