Opnar butikk i Fosnavåg sentrum

Satsar på kle for ungdom

– Det er kjempeskummelt og veldig spennande.

Satsar: Frank Robert Stenersen og Stine Moltu opnar klebutikk i lokala til N.H. Lied på «hjørnet» i Fosnavåg sentrum.  Foto: Josefine Spiro

Vi følte at her var mangel på tilbod av kle til den aldersgruppa

Nyhende

«4 Youth» er namnet på den nye konseptbutikken for unge, som sambuarparet Stine Moltu og Frank Robert Stenersen opnar i Fosnavåg i august.

– Vi har tenkt på å starte opp i nokre år, men det vart aldri tid. På nyåret byrja ting å falle på plass, samtidig som Liedhjørnet vart ledig, seier Stenersen, som er medeigar av forretninga, men ikkje skal jobbe der til dagleg.

– Og så handlar det litt om å våge, seier medeigar og dagleg leiar Stine Moltu.

Ho har jobba innan sal og service heile sitt yrkesaktive liv, sist som butikkleiar på Nille i Fosnavåg.

Dei to viser til at det har vore ein litt negativ spiral med tanke på handelsverksemder i sentrum dei siste åra, men at det verkar som at denne no er i ferd med å snu. Mellom anna synest dei etableringa av Havlandet AS og selskapet sin innsats for Herøy verkar særs lovande.

– I tillegg har her kome fleire andre nyetableringar den siste tida, påpeikar Stenersen.

Paret planlegg også å starte eigen nettbutikk.

Tek med barna sine på råd

Seg i mellom har Stine og Frank Robert heile fem barn, i alderen 10 til 18 år.

– Vi følte at her var mangel på tilbod av kle til den aldersgruppa, og tenkte vi skulle prøve. Hovudmålgruppa er barn og unge i alderen åtte til 18 år. I tillegg håper vi å nå ungdommelege vaksne kundar, seier Frank-Robert.

Difor var det naturleg for paret å rådslå litt med barna sine før dei avgjorde kva for kle som skal hamne i butikken på seinsommaren.

– Vi gjekk gjennom nokre produktkatalogar før vi reiste til Oslo, fortel Moltu.

I hovudstaden inngjekk dei samarbeid med fleire spennande leverandørar, som dei vil gå ut med litt etter litt. Eitt av merka er allereie offentleggjort: «Pieces» frå motekjeda BESTSELLER, kjend for merke som Vero Moda, Only, Name It, Vila Clothes og Y.A.S.

Prisklassen skal vere overkomeleg for lommebøker flest.

– Samtidig er det viktig at kvaliteten på kleda er god, seier Stenersen.

Pieces: 4 Youth har så langt berre slop­pe eitt av mer­ka dei skal sel­je på bu­tik­ken, men vil dry­pe meir på In­sta­gram et­ter kvart.   Foto: Pieces

Brukar ferien til oppussing

I desse dagar skulle eigentleg paret ha reist til USA for å gifte seg, noko dei naturleg nok måtte utsette på grunn av koronapandemien. No vert det i staden ein miniferie i eige land til over helga, før arbeidet med å pusse opp butikken vert sett i gang for fullt.

– Vi gler oss veldig til å opne, smiler Stine Moltu.