Sandssokningane handlar minst på nett i fylket

Sandssokningane driv med minst netthandel av folk i Møre og Romsdal.

Lite netthandel: Sandssokningane er dei i fylket som handlar minst på nett. Illustrasjonsfoto av Larsnes.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Innbyggarane i Aukra er dei som har netthandla mest i Møre og Romsdal sidan påske. I botnen av fylkesskalaen ligg Sande, i fylgje ein rapport Klarna har laga om nordmenn sitt handlemønster etter at koronatiltaka blei innførte.